HardingTokt 2017: ei ferjereise Hardanger – Bergen

HardingTokt: Ei musikalsk og historisk reise frå Hardanger til Bergen, ei bru mellom hardingane og byfolket. Tematikken er innovasjon gjennom musikk og historie. Etter 25 år i eksil er M/F Hardingen sr komen attende til Noreg. I 2017 kjem ferja til Hardanger for ei alle tiders ferjetokt. Hardanger åtgaum ynskjer å manifestera ferja som ikonisk farty på fjorden gjennom ei tokt på fleire dagar med aktivitetar og arrangement om bord for fleire målgrupper. Til sist skal toktet enda i Vågen i Bergen med eit storslege tingingsverk med ferja som instrument som skal udøyeleggjera ferja.



M/F Hardingen sr – sentrum og arena for aktivitetar under HardingTokt 2017 

PROGRAM:










PROGRAMPOSTAR:


Alle dagar:

- HardingTokt:

Kom om bord og segl inn i fortida. Kjensla av ferja, lukten og duren - det er vidunderleg! Det er mogelegheit å kjøpa tradisjonell ferjemat om bord på dei ulike tokta og det vert tilrettelagt enkle kulturinnslag. Tokta går frå - til som skissert i programmet og det er ikkje høve å ta med bil.


- Den kulturelle skulesekken (DKS):

Alle ungdomskulane i Hardanger får invitasjon til nokre forrykande timar om bord! Tema er ferjehistorie og rockens historie. Soga om ferjene går attende til 1869. Rockens historie startar med Robert Johnson i 1928 og endar med Iron Maiden i 2017. Elevane vil verta "påført" riff i rocken, ei musikalsk temavandring frå blues til heavy metal.


Onsdag 31. mai:

- Kl 18 - 1930: Haugesenteret presenterer: "Kjærleik og lyrikk. Frå Love Boat til HardingTokt".

Haugesenteret kjem om bord i kjærleikens teikn! På 80-talet kom cruiesskipet Love Boat til Ulvik. Nokon som hugsar det? Kjærleiken set an tonen om bord. Stein Arnold Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg på Haugesenteret i Ulvik, tek oss med inn i kjærleiksbreva mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Heilt frå Hauge var gutunge var kjærleiken til ord og litteratur heilt spesiell. Det var ikkje tilfeldig at Hauge og Cappelen fyrst møttest gjennom skrift og ord. Ein dag dukka det opp eit brev i postkassa som byrjar slik:  Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg - det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten.”Dei møttest i breva, i litteraturen. Samstundes er det klart at orda, vekslinga av brev som går føre seg i mange år, hentar drivkraft frå ei djuparelengt.  


- Kl 20 - 2150: Kveldstokt Ulvik - Lofthus

Etter endt kjærleikskveld vert det fyrste toktet starta. Frå fagre Ulvik går ferda til Lofthus som i dei komande dagane hyser Hardanger Musikkfest. Overnatting kan tingast her.



Fjorden er vegen og ferja er arenaen for HardingTokt 2017. Foto: AK Glück-Teigland


Torsdag 1. juni:
- Kl 16 - 1730: Veteranbuss Norheimsund - Lofthus
Stig om bord på tilårskomen veteranbuss og få med deg opninga av Hardanger Musikkfest. Bussen går frå haldeplassen.
Billett til Hardanger Musikkfest kjøper du her.  

- Kl 1600: Intimkonsert med svele på båten, Tora Augestad og Stian Carstensen

- Kl 1800: Opningskonsert Hardanger Musikkfest. Den storslagne opningskonserten i Hardangerhallen på Hotell Ullensvang er svært anerkjend. Tema for festivalen er "Nybrott" og på programmet står Lautten Compagney, Det norske Solistkor, Ensemble Allegria, Ingfrid Breie Nyhus. Billett kjøper du her.  

- Kl 2100: Kyrkjekonsert i Ullensvang kyrkje. Barokknatt med Lautten Compagney. Billett kjøper du her.  

- Kl 2230: Musikalsk innslag på ferja før me vinkar farvel

- Kl 23 - 0120: Natt-tokt Lofthus - Norheimsund
Nattsegling på Hardangerfjorden frå Lofthus til Norheimsund



Ta turen til Hardanger Musikkfest i Lofthus med veteranbuss. Avgang kl 1600 frå Norheimsund. Foto: Tide turbuss



Fredag 2. juni:
- Kl 18 - 19 og 1930 - 2030: Timestokt på fjorden
Formidlar og ferjevitar Tina Kjerland frå Hardanger og Voss Museum kjem om bord og held foredrag om ferjehistoria. Her vert framsyning av gamle bilete og filmsnuttar.



D/S Hardangeren frå 1869, året kor soga starta. Foto: Anders P. Wallevik /Hardanger og Voss Museum

Laurdag 3. juni:

- Kl 09 - 16: Langtokt Norheimsund - Bergen

Hovudåra mellom byen og bygda gjekk historisk sett langs fjorden. Båtruta Hardanger - Bergen har svært lange historiske røter. Avreisa korresponderer med rutebuss frå Bergen. Sal av mat om bord og enkle kulturinnslag.

- Kl 19 - 0130: HardingFest!
Velkomen om bord til ein musikalsk finale det vil gå gjetord om. Ferja vert omdanna til scene og festlokale for både fant og fagnamann.
Kl 19: Dørene opnar
Kl 21: Ugress presenterer tingingsverket "Lyden av ferja". Ferja vert instrument og lydane omkring på det ikoniske fartøyet vert sett saman til eit verk som vert presentert live. Alle bestanddelar av ferja kan laga lydar og saman vrt dette eit elektronisk musikkstykke.
Kl 2145: DJ Yacht Rock. Matrosane frå musikkfenomenet Fagernes Yacht Klubb mønstrar om bord med platebaggen full av smooth yacht rock, aka amerikansk vestkystpop frå 1972 - 1986. Avsluttinga vert maritim, retro, allsong og godstemning tvers gjennom. Tenk tropiske drinkar, glade menneske og fantastisk musikk.



Ugress i kjent scenepositur, som eletronisk connosieur med scenevenlege effektar!

HISTORIE:

Soga om sjøvegen mellom Hardanger og Bergen går attende til 1869 då dampskipet D/S Hardangeren vart bygt for rederiet Interessentskabet Hardangeren. Skipets fyrste kaptein var Kaptein Helje Aga som og var initiativtakaren til skipinga av selskapet. Skipet var det fyrste skipet i flåten til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) og var i deira eige frå 1880 til 1950.

Kaptein Helge Aga var fødd i Agatunet i ein familie som hadde nær tilknyting til sjø og jaktefart. Han tok styrmannsutdanning og vart 29 år gammal tilsett av Brunschorst og Dekke som styrmann på Dampskipet Vøringen som starta ferdsle på Hardanger dette året.  Kort tid etterpå var han vorten kaptein på same båten. Litt seinare var han kaptein på Dampskipet Bjørnen som og gjekk på Hardanger. I denne perioden var han og ei av drivkreftene, ja somme meiner og hovedkrafta, i å etablera Interessentselskapet for Dampskipet Hardangeren. Liknande var han ei drivkraft for å etablera HSD der han så vart skipsførar på den legendariske Vøringen. Der var han til han slutta av etter 40 år mest utan ferie og få fridagar.

Museet Agatunet har brevkassen hans. Broren Johannes var kaptein i utanriksfart og var den som testamenterte grendahuset Sagatun til Agagrenda. Då huset var bygt var det like mykje pengar att som dei hadde brukt på huset. Difor er det også både kunst og sølvtøy som høyrer til Sagatun. Huset og løa i tunet der desse karane voks opp er i dag freda.

Helge Aga var farbror til bestemor til noverande dagleg leiar på økomuseet Agatunet, Guttorm Rogdaberg.

Ferja Hardingen vart bygd i 1966 og gjekk i skyss for HSD fram til 1991. Då vart den seld til eit italiensk rederi. I 2016 vart den kjøpt att av Fjord2 og siglar no i norsk farvatn med norsk flagg. Velkomen heim!

PROSJEKTGRUPPE:

Prosjektleiar: AK Glück-Teigland (tlf: 91394506), dagleg leiar Hardanger åtgaum AS
Komponist: Gisle Martens Meyer, elektronisk komponist
Produsent: Stig Lundblad-Sandbakk
Ferjeconnosieurar: Fjord 2, Arne Glenn Glåten
Medarrangørar: Hardanger musikkfest, Haugesenteret, Hardanger og Voss Museum








˄